|
|
VilleVassdalen - som vi no kallar den, heiter i røynda Buttedal, gard nummer 88, bruk nummer 1, i Fjaler kommune, i Sunnfjord. Den er ein av fire Buttedalgardar som deler rettar i utmark og vatn. Ved ei rekkje utskiftingar fram til 50-60 talet, vart mange små teigar samla slik at desse bruka frå då av fekk to teigar kvar, i tillegg til utmark. Fallrettar til fossane, elvane og vatn vart haldne utanom. To av gardane er nedlagde og folketome, og den tredje er dreven som attåtnæring.
Vi har jaktrettar på hjort og fugl, fiskerettar, noko gratis straum, steintak, noko skog av ymse slag og hytte på fjellet. Sjølv om den ligg på den 449 mål store "tomta", tok det meg 3 timar og gå opp og ned. Vilt og vakkert opp gjennom med fossen i 300-400 høgdemeter. Stiane er igjengrodde og landsklapet framstår som ekte villmark. Ikkje vei. Berre ei gamal hytte i heile det storslagne terrenget, i tillegg til vår, so er frå 1993.
Når det regnar kjem 9 små fossar tilsyne og stuper utforbi fjellet rett bak huset. Vinden leikar seg med vatnet på ferda ned gjennom frilufta.
Her gler me oss til å bu resten av livet, og det er godt å kunne ha eit eveperspektiv på det ein gjer.
|