|
Alt var ikkje idyll før. Folk og dyr hadde det nok hardt. Men menneska hadde ikkje ødeleggelseskraft til å øydelegge livsvilkåra på heile planeten på ein gong. Mange store sivlisasjonar har kome og godt. Av ymse årsaker. For første gong har jorda no berre ein stor tett samanvevd sivlisasjon. Me blir meir og meir berre ein liten del i eit stort maskineri som ingen har oversikt over. Marknaden og den sterkaste sin rett er einaste lova. Det fins ingen økonomisk teori som støttar ei slik utvikling. Økonomien og økologien er ikkje i balanse.
Ei grunn til bekymring er at den fysiske makta (USA) og den økonomiske makta ser ut til å skille lag. Kva skjer når dei som lagar varene ikkje lenger vil kjøpe verdilause dollar?
Me har mange paradoks i Noreg og. Snart ingen gjer noko nyttig i eigenleg forstand. Vi klipper kvarandre. Eller enno verre. Sel kvarandre varer som vi får unaturleg billig frå andre. Me kan ta den utdanninga vi vil. Ikkje nødvendigvis det som trengs. Me øydelegg fellesgodene som frisk luft og ikkje fornybare ressursar vel vitande om at det går gale for menneskeheita om vi fortsett. Håpløysa glir inn i oss. Vi må rett og slett oversjå det for å kunne leve. Men inni oss ligg det og murrar. Me blir deppa og mange gjev opp. Det ser litt håplaust ut.
Kva skjer?
Noko veit vi. Temperaturen stig, havet stig. Økosystema blir pressa av miljøgifter overalt i kretsløpa og artsmangfaldet minkar. Kanskje endrar valutakursane seg og rentene på ein måte som gjer at vi ikkje lenger kan frotse i andre sine ressursar. Oljefondet blir verdilaust. Jordsmonnet i verda vert dårlegare og jorda vår her i Norge blir nok igjen viktig. I krig og krisetider blir ekte ressursar og uavhengigheit viktig.
Blir du lei deg? Det er eit godt teikn. Vi må kunne grine av det triste og le og smile av det som er godt. Når vi gjer så godt vi kan og tek dei vala som samvitet fortel, blir kvar dag eit under. Godt og leve! Kanskje går vi då ut av det harde og meiningslause forbrukarsamfunnet og ser kva som er rett og verkeleg tel. Då har håpløysa tapt og freden seirar. |