|
Det fins gode grunnar for å vere vegitarianer. Men eg trur me nøyer oss med å seie at det fins gode grunnar for å ete mindre kjøt enn me som folk gjer i dag. Då vil maten kunne rekke lengst og kroppane vore ville nok vorte vesentleg sunnare.
Med noko dyrehald er det lettare og dyrke grønt og mange grønressurser som elles ikkje kunne blitt nytta, blir nytta. Men å halde dyr med det eine formål å ta livet av dei og avkome deira, kling kanskje ikkje godt. Då er det nok lettast å forsøke å stable dei inn i slaktebilen på finaste måten og seie seg fri for ansvaret vidare. Og som kunde og gå i butikken og kjøpe ein anonym pakke vakumpakka, og trur vi, bakteriefri pølser.
Men økologi er ansvar. Iallfall ser det av og til ut for meg at det passar best for dei som vel å ta realitetane innover seg. Skal vi ete kjøt, må nokon dyr døy. Men det er eit krav at dyra skal ha det godt mens dei lever. Og at avlivinga skal skje kjapt og smertefritt. Derfor skal mattilsynet og mobilslakt as ha ros for sitt nye slakteopplegg som vi vil vere mellom dei første til å få nytte.
For at eit dyr skal ha det godt, meiner eg at det må få utfalde sine naturlige instinkt. Vi lyt velje dyreraser som ikkje er avla ihel. Vi kan nemne: Hønene har ikkje lenger instinkt som gjer at dei kan ruge og få kyllingar naturlig. Kyr med så store jur at det treng bh. Dei fleste dyreslag kan ikkje føde sjølv lenger. Nokon treng jamnvel keisersnitt. Kyllingane til kjøtproduksjon veks så kjapt at skjelettet ikkje heng med og at dei blir vanskapte og døyr om dei ikkje blir slakta etter nokre dagar. Fint om vi og kan velje rasar som kan greie seg med lokalt for og i lokalt klima.
Og skal dyra ha det godt er det nok ingen god ide med lange transportar fram og tilbake. Spesialisering der nokon produserer smågris, andre aler dei fram. Same gjeld storfe, fugl mm. Eg trur dyra treng si familie rundt seg. dei er ingen maskiner og har følelser. Og kan lære av kvarandre om dei får sjansen. Kankskje får vi då mindre "asosial" oppførsel.
Dyr treng plass. Dei lyt få røre seg. Springe rundt og danse sin egen dans i sol og glede. Gjøyme seg i skogen om dei vil det. Bade om det passar. Då trur eg vi får friske dyr som heller ikje treng så mykje antibiotika. For det treng dei stakkars dyra av i dag. Dessverre!
Og formeiring: La dyra frå prøve seg sjølv! Det er vel ei av dei store gledene i livet og godt skal vi alle ha det.
Økologi er så mykje meir! Ta gjerne innom sidene til www.hapet.no for ein kikk. Eller www.meatrix.com for å hate litt. Nei foresten. Eg ser ikkje lenger slikt. Har vorte litt sart. |