|
|
Hei!
Her får du ein kort presentasjon av oss.
Gry er 38 år (eller var det 28?) slik som meg. Byjente frå Stavanger uten nokon innbygd draum om eit liv i audemarka. Den flottaste audemarka i verda då riktignok, men litt mindre sentralt i høve til enkelte ting enn Stavanger, er VilleVassdalen nok. Før jul 2005 var Gry sa ho ja. Ja til min gamle draum om å flytte på landet. 8 timar unna venner og familie er lang avstand. Eit sant kjærleiksval. Gry er sjukepleiar og har sidan vi kom til Stavanger i 1997 jobba full stilling på medisinsk post på sjukehuset. No håpar vi at den perfekte jobben skal openbare seg oppe i Fjaler.
Eg, Stig, er og 37 år gamal. Eg er naiv til det siste og har erfart at alt ordar seg. Min sterkaste eigenskap kan nok vere kreativitet, og dei svakaste kjem eg ikkje med her! I 1997 tok eg intiativet til å stifte Håpet Økologisk as (www.hapet.no), som eg sidan har vore daglig leiar for, med unntak for nokre periodar. Med ei inngrodd tru på at havet stig, flyttar vi no litt opp frå havflata og dreg havet etter oss. Iallfall er eg viss på at utviklinga gjer verda til ein stad å leva, der det ikkje vil vere nokon ulempe å ha litt meir kontroll over egnde ressursar og eigen kvardag. Den som ikkje reddar seg sjølv (eller si mentale helse) kan vel heller ikkje vere til store hjelpa for andre)
Vi har 4 barn saman. Ein glad og arbeidsvillig gut på 8, ei mjuk og herleg jente på 5, ei lita bestemt ei på 2 år og ein gullklump på ein månad.
|