Kjøt frå dyr som har hatt det godt!

I år vil vi ha eit lite tal grisar som skal slaktast 15.november. Dei vil vi selje direkte til forbrukar som heile eller halve skrottar.

Våre dyr skal ha det godt.

Ingen dyretransportar. Vi kan derfor være sikre på at dyra ikkje endar sine liv redde, tett stua saman i uvante omgjevnader. Kanskje spyr dei eller har diare. Redde og stressa ville dei nok iallfall vorte. Vi venner grisane til å gå i ein spesiell gang for å få kraftfor frå dei er små. Siste dagen i livet blir dei då raskt og effektivt medvitslause ved hjelp av ein boltepistol mens dei går i denne gangen før dei blir heisa inn i norges første mobile slakteri. Vetrinær/kontrollør frå mattilsynet er heile tida med for å sjå til at alt går rett føre seg. Både dyrevernmessig og kvalitetsmessig.

Fritt og naturlig liv. Våre grisar skal heile livet kunne gå ute på rikeleg areal. Vi legg opp til rennande vatn og badedammar. Små hus/"hi" dei kan gå inn i om det blir kaldt. Slaktegrisen vår lever kun i sommar/haust tida. Det er fordi ein i vanleg svineoppdrett lar purkene føde 2,5 gangar i året, mens vi legg opp til at purkene skal sleppe med ein gong. Vi skal la dei kvile mellom svangerskapa og gje dei sjansen til å passe på sine små som naturlig er. Grisar som har nok plass, går ute og har det godt, tek ikkje livet av ungane sine slik som innestengde grisar kan prøve. Ein slaktegris i konvensjonell produksjon kan leve kanskje 3 månader hjå oppdrettar før han blir slakta. Vi tek sikte på at grisen skal få leve lenger og få utvikle smak og aroma. Sunne, friske og spreke dyr har godt kjøt!

Økologisk. Garden som me har vore så heldige å få kjøpe har vore driven økologisk i fleire år. Men no har den vore nedlagt eit par år og i denne tida har det ikkje vore gjennomført Debio-inspeksjonar. No kjem det inspeksjon att og vi satsar på rein økologisk drift, og då sjølvsagt med økologisk for. Det kostar nokre kroner meir per kilo innkjøpt for. I og med at det ikkje har vore nytta nokon form for sprøytemiddel eller kunstgjødsel på garden på mange år, og at han ligg langt frå vegar mm. skal maten bli rein! Men iallfall i år har vi ikkje rett til å kalla han økologisk, men "under omlegging til økologisk".

Forskning frå Danmark viser mellom anna: Økologisk svinekød afviger fra konventionelt svinekød mht. visse kvalitetsparametre, såsom højere indhold af flerumættede fedtsyrer, hvilket skyldes økologiske fodermidler (proteinkilder og grovfoder-http://www.foejo.dk/foejo/forskning/foejoii/ii12.html.

Dessuten kan vi også lese: "blodprøver fra levende økologiske svin indeholder flere mineraler, vitaminer og mere linolensyre. Desuden indeholder økologisk kød mindre vand og svinder ikke så meget ved tilberedning. Den økologiske bøf har helt sikkert siddet på et mindre stresset dyr, som har set dagslyset og har græsset fredeligt i sommerhalvåret.-" http://www.iform.dk/Crosslink.jsp?d=569&a=2212- Anne Mette Futtrup

Ikkje overtyda? Prøv www.themeatrix.com - da får du sjå ein liten filmsnutt.

Sidan det er første gang dette blir gjort i år, veit vi ikkje om det er interesse for våre produkter. Vi vil derfor kun produsere på mot tinging og vi ber om dei som er interesserte tingar så snart som mulig og seinast innan 15.juli. Ved stor interesse gjelder «først til mølla». Utkjøring skjer i månedskifte november/desember. Sjå gjerne våre nye nettsider www.villevassdalen.no for meir informasjon.


Eit amerikansk selskap treng skinn frå grisar som ikkje er «mishandla» og skrottene vert derfor flådd i staden for skålda som er vanleg. Etter slaktinga tek mobilslakt skrottane med til godkjent anlegg for oppdeling i passelege stykker (typisk 40 deler). Så blir dei frakta med kjølebil og kjørt ut til de som har tinga. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Halv gris veg ca. 35 - 45 kg (ikkje feite) tilsvarande til 80-90 middagar (til ei familie på 4 pers.) og fyller ca. 60 x 60 x 50 cm i ein fryser pakka i porsjonspakkar

Er du interessert i å prøve? Første mann til mølla! Siste frist for tinging (eller bestilling for de som ikke forstår mine famlende forsøk på å ta tilbake min gamle nynorsk) er 15. juli. for levering i november/desember.

Send tinging med adresse og telefonnummer til stig@villevassdalen.no

 

SJÅ EGA SIDE FOR SPESIELT HENTETILBUD!!