VilleVassdalen:

:: Takk til ::

 

For å gjere som vi gjer må ein nok ville det sterkt og ha ein god porsjon galskap i seg. Me føler det er på sin plass å takke dei som har gjort og gjer det mulig, og som gjer at me føler oss utruleg heldige og priveligerte.

Først er det naturlegvis Bjørn og Edel, og arvingane, for at dei let oss sleppe ved selje garden og skrive frå seg odel. Med det skammelige systemet for salg av jordbrukseigedom som eksisterer idag, skal det noko til å gjere som de valde. Mange vil nok heller la alt stå og forfalle til Frp ein dag kjem til makta, eller jord igjen får verdi. Og takk for hjelp og støtte så langt. Det er ikkje mange som viser slik omsut for kjøparen etter handelen er avslutta.

Så må vi nemne Bente Stokdal, ei framifrå bankansatt, som finasierte det heile. Du er grunnen til at vi har nytta og nyttar SR-bank. Det er så lett å seie nei, når nokon ber om lån 5 gongar høgare enn årsinntekta, men du trudde på oss. Takk!

Så vil vi takke naboane så langt. Kjekt å bli tatt godt imot. Håper det fortsetter!

Og til Fjaler: Fantastisk stad! Trudde ikkje det fanst slikt. De har grunn til å vere stolte. Me er det alt før vi har flytta opp. Me nemner i fleng: Fantastisk natur. Fleirkulturelt samfunn, badeland, levande sentrum, kunstkafe, kunstsenter, fleire museum, eigen sjølvstendig sparebank, eige sjølvstendig samvirkelag, skifabrikk og skofabrikk.  Og kun litt over 2800 innbyggarar. Kan umulig finnast maken! 

 

 

 

VilleVassdalen.no © 2007 - stig@villevassdalen.no